Torsdag 20. November 2008 - RSS
Du kunne vært ute i skogen, men det er du ikke.

5 dagar 5 slipp 5 band

09/04-08 17:21 / Skrevet av Ida Solheim-Olsen og arkivert i Øya


Øya sa forrige veke at denne veka skulle det komme fem nye band, på fem dagar i fem forskjellige slipp. Dei har holdt løftet sitt, og vi har tydeligvis vert litt treige til å følge opp, så istedet for tre band på tre dagar så blir det alle dei tre første på ein dag. Desse er altså klare for Øya; Fleet Foxes, The Mae Shi og The Dodos.

Øyas bookingavdeling var som ein sikkert har fått med seg, på SXSW i Texas for å finne nye band til årets program. Fleet Foxes er eit av dei. Og det blir sagt at dette var eit av banda som virkelig satte eit av høgdepunktene under festivalen, noko tilogmed Pitchfork var enige i. Bandet sjølv beskriver musikken sin som ” baroque harmonic pop jams” og kva dei enn meinar med det går an å finne ut ved å lytte på dei to EP`ane som har blitt gitt ut. Dei heiter ‘Fleet Foxes’ og ‘Sun Giant’. Ellers er dei plateaktuelle med ny skive i juni som har fått tittelen ‘Ragged Wood’. Bandet har innrømt at dei har sansen for artistar som The Zombies, Love, Marvin Gaye og Bob Dylan og er ikkje redde for å innrømme at dei hentar inspirasjon fra pen pop, rar folkrock eller psykeleisk moro. Øyabookingen meinar at Fleet Foxes kommer aldri til å bli feil på varme, late sommardagar. Vi har lytta og er igrunn ganske enige.

Band nummer to ut denne veka var bråkebøttene The Mae Shi fra Los Angeles. Dei skal vist ha hatt konserter i fleire kjellarar og garasjar enn dei fleste av oss har vert i tilsammen. Sjølv beskriver dei musikken sin som ‘busted electronics, spazzier-than-fuck drums, crazy-ass boogie guitar, distorted caveman bass and throat-destroying vocals’. Ja, ikkje veit vi heilt kva sjanger dette kan leggast i. Men igjen har dei uttalt seg sjølv og seier ‘I think our records are basically pop records.. we`re not hard to get or anything- i mean, you can bob your head to us, right?’. Merkelig men kult trur vi dette kan bli. Det skal vistnok vere fengande og uhøgtidlege låtar dei spelar om ikkje anna.

Det tredje bandet som til no har blitt annonsert er The Dodos, ein duo fra San Fransisco som kombinerer rå energi med smart låtskriving og ein generell optimistisk tone i musikken sin. Duoen består av gitarist/vokalist Meric Long og den ivrige perkusjonisten Logan Kroeber som begge ønskte å lage psykedeliakrydret folk og pop. Dei starta med eit soloprosjekt kalt Dodo Bird, og i 2006 debuterte dei med ‘Beware Of The Maniacs’. Dei er snart aktuelle med nytt materiale og ryktene seie at det då er klart for å rekruttere ein betydelig mengde nye entusiastar til sin fanskare. Dette lovar jo superbra.

I morra er det ny dag nytt band. Hintet er rock’n’roll-fyrverkeri. Vi kommer sterkt tilbake.

- Fleet Foxes på MySpace
- The Mae Shi på MySpace
- The Dodos på MySpace

Alt om Øya finner du her…

Du kan si hva du mener, eller lage et tilbaketråkk fra din egen side.

3 meninger til “5 dagar 5 slipp 5 band”

  1. Morgenutgaven » Dagens låt: White Winter Hymnal mener:

    [...] låt er fra Øya-aktuelle Fleet Foxes. Vi har veldig sansen for bandet, kanskje du også kan dele vår begeistring etter [...]

  2. Morgenutgaven » Fleet Foxes for den fattige… mener:

    [...] gjorde furore på South By Southwest i vinter, og til sommeren skal dei gjere det samme på Øyafestivalen. Det blir fint! Og til mandag gir dei ut si selvtitulerte plate, men du kan nemlig [...]

  3. Morgenutgaven » Fleet Foxes i Black Cab Sessions mener:

    [...] Ikkje gå glipp av konserten i Middelalderparken! [...]

Legg igjen din mening



 

Redaksjonen | Kontakt | tips()morgenutgaven()com

©2008 Morgenutgaven. Rettigheter og stor stas.

Hell i uhellet fra olem.