Albert Hammond Jr. med ny plate
Albert Hammond Jr. (også kjent som gitaristen i The Strokes) har bekrefta på si MySpace side at han er ferdig med innspelinga av plate nummer to. Tittelen på plata skal vere ‘Como Te Llama’, som er spansk for ‘Kva kallar du deg sjølv?’ (trur vi uten at vi skal skryte av spanskkunnskapen vår) og skal vere venta i juli, men akkurat når veit vi enda ikkje. Foreløbig er det berre rykter om kva låter plata inneheld, men vi kan iallfall sei at plata skal inneholde 13 spor.
Debutplata ‘Yours To Keep’ kom i 2006 og vi kan nesten med handa på hjartet sei at du har hørt låta ‘101′. I fjor sommar gjesta han Øyafestivalen og spelte ein finfin konsert på John Dee under Øyanatt.















[...] Hammond Jr. (yes, gitaristen fra The Strokes som har gått solo) gjer som mange andre i dagens musikkmiljø, lagar sin egen kleskolleksjon. Og kolleksjonen vil [...]
[...] himla aktive for tida, berre ikkje saman med kvarandre.. Vi kan blant anna nevne soloprosjektet til Albert Hammond Jr, for ikkje å gløyme dresskolleksjonen hans, Julian Casablanca sitt converse prosjekt i tillegg [...]