Ny gjestekolleksjon for H&M
Kleskjeden Hennes & Mauritz har tidlegare samarbeida med ei knippe store, kjente designarar og åpna for at den vanlige mannen i gata skal kunne kjøpe seg eit designerplagg for ein billeg penge. Stella McCatney har gjort det, Karl Lagerfeldt har gjort det og Roberto Cavalli har gjort det. Neste mann (eh, vi meina kvinne) ut i rekka er Rei Kawakubo fra Comme des Garcons.
H&M sin neste gjestekolleksjon skal dermed designast av Comme des Garcons grunnleggar og hovuddesignar, Rei Kawakubo. Designaren er kjent og ikkje minst beundra for sine store kreative og kunstneriske evner, og kolleksjonen som kjem til hausten vil innehalde ein dame- og herrekolleksjon i tillegg til litt barneklær, accessoirer og ein eksklusiv unisex-duft. Som vi trur kan bli ein spennande kolleksjon.
Hennes & Mauritz skal vere kjempe fornøgd med sin nye gjest, og Kawakubo skal vist ha stått øverst på ønskelista deira lenge. Sjølv seier sjefsdesigneren ‘It is a fascinating challenge to work with H&M since it is a chance to take the dilemma to its extreme, and try to solve it’.
Verdenslanseringen av kolleksjonen vil skje når H&M åpner butikk nummer to i heimtraktene til Rei Kawakubo, Tokyo i byrjinga av november. Resten av verden vil få sjå og kjøpe kolleksjonen nokre dagar seinare. Dette blir spennande og fint!















[...] ei stund sidan vi meldte at Rei Kawakubo fra Comme des Garcons skulle lansere H&M sin neste gjestekolleksjon. Dei siste vekene har det dryppa litt frå kolleksjonen, og no er fleire bilder komen ut på [...]
[...] har vært mye snakk om Hennes & Mauritz-kolleksjonen til Rei Kawakubo fra Comme des Garcons og nå er det klart at den britiske designeren Matthew Williamson blir neste designer ut og følger [...]