Torsdag 8. Januar 2009 - RSS
Du kunne vært ute i skogen, men det er du ikke.

Thom Hell til Øya

04/04-08 19:33 / Skrevet av Ida Solheim-Olsen og arkivert i Øya


Dit skal også Jamie Lidell, El Cuero og Tommy Tokyo & Starving For My Gravy.

Vi har allerede uttrykt vår begeistring for Thom Hell som for tida er super aktuell med ny skive, ja vi tar rett å slett å nevne at den kommer til mandag og heiter så mykje som ‘God If I Saw Her Now’. Han er også akkurat, ja faktisk denne veka booka til Hovefestivalen. Så det blir nok mange moglegheiter til å sjå denne karen på ei eller anna scene ein stad til sommaren. Det er fint. Vi er svært glad for at Thom Hell skal spele i Middelalderparken, det blir nok himla fint. Vi jubla rett og slett.

Jamie Lidell derimot er godt likt blandt anmeldere rundt om kring i vår vide verd, han er beskrive som fantastisk, horisontutvidende, kaoisk, genial og eneståande- og dette skal vist beskrive hans live-ekstravaganse. Lidell bruker moderne datateknologi og gammalt analogt utstyr for å bygge opp lydbildet sitt. I tillegg livesamplar og og manipulerer bruddstykker som går i loop. Hoi, og ikkje nok med det deretter synger og beatboxa han oppå alt dette igjen. Noko seier meg at dette kan bli interessant gitt.

El Cuero er eit oslo band som lagar sterke låtar, har respekt for rockehistorien og har lagvis med nerve. Det er eit Band med røtter i kvalitetsrock fra 70-tallet og ny americana. Dette er musikk som bringer fram lukta av både nyslått gress og nyåpna øl, ifølge Øya. Så dette blir nok alletiders.

Det neste bandet kan på mange måtar høyres ut som eit japansk kunstrocker, men det er så feil som det kan bli. Tommy Tokyo er ein låtskrivar fra Fredrikstad, som saman med bandet sitt spelar i eit landskap mellom indierock og americana. Han starta seint som låtskrivar og Tommy plukka ikkje opp gitaren før i relativt voksen alder. Karriera starta med nokre EP-utgivingar med bandet Piggyback.
I fjor gav han ut soloalbumet ‘Octopusdrunk And Arms To Prove It’ som han mottok gode kritikkar for. Tommy Tokyo & Starving For My Gravy har akkurat signert med plateselskapet Warner og ny plate er planlagt til hausten. Tommy Tokyo blir også å finne i Arendal på den nokså omtalte Hovefestivalen.

I tillegg kan vi nevne at neste veke blir det 5 nye slipp på 5 dagar. Det skal vere band som Øyas bookingansvarlige akkurat sjølv har oppdaga, og fleire av dei skal ha blitt sett første gang under SXSW i Texas rett før påske. Oioi. Dette er spennande! Vi er iallefall spente.

- Jamie Lindell på MySpace
- Thom Hell på MySpace
- El Cuero på MySpace
- Tommy Tokyo & Starving for my gravy på MySpace

Meir om Øya finner du her..

Oya

Du kan si hva du mener, eller lage et tilbaketråkk fra din egen side.

Legg igjen din mening



 

Redaksjonen | Kontakt | tips()morgenutgaven()com

©2008 Morgenutgaven. Rettigheter og stor stas.

denne siden er håndlaget av olem