Festivalband: Kings Of Leon
Dagens festivalband er kanskje eit av dei mest ettertrakta og største banda i verda om dagen, berre ikkje her på dette berget enda…
Aktuelle: Quartfestivalen i Kristiansand (2.-5. juli) og Roskildefestivalen i Roskilde (3.-6. juli).
Kings of Leon består av tre prestesønnar som vaks opp på landevegen, der dei spelte holy-roller boogie i kirker rundt om kring i sørstatane. I 2000 danna dei bandet saman med fetteren sin. Sidan den gang, har dei komt med tre studioalbum. Den siste plata ‘Because of the Times’, blei rost opp i skyene (dobbelironi) og eit fjerdealbum skal vere under produksjon. KoL skal headline ein av verdas største musikkfestivalar i sommar, og det seier vel noko om kor store dei faktisk er.
Kings Of Leon gjør det klart at vi har med fire unge, uredde og talentfulle menn å gjøre. Dette er en av årets mest soleklare stayer-søknader.
- NRK P3
Dette er ekte catchy rock`n roll på sørstatvis. Fantastisk rocke vokal og flotte gitarriff, fengande tekstar og ein sound som er til å danse av. Vi elskar hårete rocke menn. Dette er intet unntak. Ok,så var dette litt lite konstruktivt, men kva meir kan vi sei når denne musikken går rett i hjertet vårt? Ikkje veit vi, så konstruktiv omtale mottas med takk i kommentarfeltet.
Har du ikkje hørt dei før? Då veit du kva du skal bruke denne søndagen til. Her er ein start:
California Waiting (live)- video
Taper Jean Girl (live)- video
Fans (live)- video
Wasted Time- video
Kings Of Leon på MySpace
I mai vil Morgenutgaven trekke fram ein norsk festivalbooking, om ikke kvar dag, så iallefall nesten. Ein artist eller band som er booka til ein av dei norske festivalane der altså. Dette for å gje deg nokre tips om kva som kan vere fett å få med seg eller berre for å mimre i nokre videoar og låtar…















