Meir blod, død metall og sånn til Quarten..

Det skal vist ikkje finnast større navn og legendar innanfor metallsjangeren enn desse to banda som no oer klare for Quart. Det eine bandet skal vere symbolet på norsk djevelskap, mens det andre er ei musikalsk dødsmaskin… Dette høyres blodig og skummelt ut. Mayhem og Blood Red Throne kommer til Kristiansand.
Mayhem som allerede er bekrefta til Øya består av vokalist Attila Csihar, bassist Jørn ‘Necrobutcher’ Stubberud, Trommis Jan Axel ‘Hellhammer’ Blomberg og gitarist Rune ‘Blasphemer’ Eriksen. Dei skal spele på plenen lørdag 5. juli. Forrige gang dei spelte på festivalen kasta dei blodige grisehoder på publikum.. Trur ikkje vi skal tenke på kva dei kan finne på denne gangen.
Blood Red Throne fra bibelbeltets skinnande spenne, Vennesla er nok ikkje hakket bedre. I ganske brutal kontrast til tradisjonell sørlandspietisme, skal desse sørlendingane ha reindyrka death metal i 10 år. For oss som ikkje heilt skjønnar kva det vil sei, så betyr det brutale, nedstemte gitarar, frenetisk tromming, djup, guttural vokal og ganske morbide tekstar.. Yeah! Når BRT gav ut debutalbumet ‘Monument of Death’, var plata for sikkerhetskuld utstyrt med ’suicide kit’.. Bandet har internasjonalt rykte på seg, basert på musikken sin som skal vere groove-basert, finslipt råskarp av ytterste merke. Og dei skal gjer Hallen utrivelig og utrygg fredag 4. juli. Jippi, vi gleda oss (ironi).














