Roskilde med fire nye navn
Roskilde har den siste tida mista to sterke navn på sin line-up, men kva gjer vell det når det blir offentliggjort fire nye navn idag? Ok, kanskje litt for den som hadde gleda seg til Adele og The Cult. Dette er uansett er fire nye navna som er ført til årets program; Bullet For My Valentine, Solomon Burke, CocoRosie og Lupe Fiasco.
Bullet For My Valentine er eit heavy metal band, jeeeeeeeeij. Ifølge Roskilde kan dei fire walisarane også levere ‘poppa’ og melodiøse låtar, som skal ha gitt dei fans fra nyare tids emo-rock.. Dei er også aktuelle på Hovefestivalen. Ehm ja, det var så mykje kunnskap vi sitter inne med om denne sjangeren.
Solomon Burke er ein soul og R&B legende. Han har holdt på sidan 60-tallet og mange kallar han oppfinneren av soul-musikken. Stor booking med andre ord.
CocoRosie er ein duo som består av søstrene Bianca Leilani Casady (Coco) og Sierra Rose Casady (Rosie). Dei lagar litt drømmande musikk, om det går an å sei.. Som skal vere ein blanding av folk, hiphop og Billie Holiday. Dei starta karriera som musikere i 2003 og har spelt konsertar i amerika og vert med på fleire tura til Europa, der dei har spelt saman med bla. TV on the Radio, Bright Eyes og Devendra Banhart. Soundvenue lovar at dette blir ein opplevelse utover det normale. Bra altså.
Lupe Fiasco er eit stort hip-hop navn i Chicago. Hans eigentlege navn er Wasalu Muhammad Jaco og Wasulu Muhammad Jaco begynte sin karriere med ein gjesteopptreden på Kanye Wests Late Registration. Han slo for alvor gjennom i 2006 med plata ‘Food & Liquo’. For tida er han aktuell med andreplata ‘The Cool’ som kom ut på randen av fjoråret.
- Bullet For My Valentine på Myspace
- CocoRosie på MySpace
- Lupe Fiasco på MySpace
Roskilde har ca 10-15 navn igjen før programmet er fullstendig. Og det meste om festivalen kan du lese på våre egne Roskilde-sider..















