Fjølfæst

Fjølfæst er Norges første og einaste skateboard festival. Og skateboard er som alle veit ein idrett, så kvifor skal vi skrive om det då? Jo, fordi skateboard er like mykje ein kultur som ein idrett. Og vi er jo eit kulturpop-nettsted. Og så er det jo tross alt den einaste skatefestivalen i landet. Det må jo vere verdt litt spalteplass syns vi.
Fjølfæst blir arrangert i Drammen Rock City, der dei kan friste med heilt ny skateboardpark og fleire brett-aktivitetar. Men er du ikkje ein skater, så betyr det ikkje at denne festivalen ikkje er noko for deg. For dei har nemleg andre aktivitetar på plakaten også, som konsertar (der vi kan nevne blant anna Mathias Tellez og YoYoYo Acapulco), fjølfilm (eller filmvisning om du vil), ‘downhill’ konkuranse i longboard og du kan vere med å konkurrere om å ta det beste skate-fotoet eller lage ditt eget longboard. Og er ikkje det noko for deg heller, så kan du jo vere publikum og kose deg i sommerværet, spise is og suge til deg litt ny kunnskap om desse fine trefjølene.
Arrangørane har alt bestilt sol og pussa betongen, så dette blir nok ein alle tiders festival!














And humans expect us to act normally? ,