Litt av Quart i Oslo

Når Quarten lukka døra og takka for seg tidlegare denne månaden fekk medeigar av Oslo-klubben Blå, Magnus Ulvik og Gaute Haaversen-Westhassel ein idé. Dette var idé om å kuppe delar av Quart-programmet og flytte det til Oslo og lage ein ny festival, istedet for å la Quart sitt fantastiske program gå til spille.
Så 2.-5. juli byr Oslo på den nye festivalen ‘Oslo Live’, som vil gå av stabelen eit lite steinkast unna Akershus Festning nemleg på Kontraskjæret. Festivalen vil strekke seg over fire dagar, med ein offisiell kickoff på Blå 1. juli.
Duoen har fått med seg fleire av artistane som eigentleg skulle spelt i Kristiansand, blant anna Justice Live, Dizzie Rascal, Saul Williams, To Many DJs, Totalt Jävla Mörker og Nils Bech. Fleire bookingar vil komme fortløpande. Og vi skal såklart holde deg oppdatert!
Den nye festivalen har ein kapastitet på 8000 personar kvar dag, og billettprisen vil være mellom 100 og 200 kroner. Ganske billig og fint, om dei klarer å plukke opp dei beste ‘restane’ fra Quartfestivalen.
Altså, Quart gjekk konkurs sjølv med eit fantastisk program.. Og ein ny festival dukkar opp i Oslo i starten av juli. Duoen bak det heile har uttalt at ‘line-upen var så bra at noen bare måtte gjøre dette’… Og det har dei gjort!














[...] begynner å skje ting rundt den nye Oslo-festivalen Oslo Live om dagen, og dei har no fått opp ei nettside og dagsprogram for festivalen, som plukka opp [...]