Torsdag 29. Juli 2010 - RSS
Du kunne vært ute i skogen, men det er du ikke.

Ukens sko #15

13/06-08 23:28 / Skrevet av Ida Solheim-Olsen og arkivert i Ukens sko


Forrige veke var det ein rein jentesko i denne spalta og veldig Sex And The City prega, og vi lovde jo gutta at neste gang skulle vi finne ein sko for dei. Og sidan det er fotball EM om dagen, så tør vi å påstå at fotballsko må vere litt i vinden om dagen… Eller? Sportsutgaven er nok ein gang på bana (oo, dobbeltydig).

Nike T90 Strike II FG Football Boot er navnet på denne profesjonelle Hi-Tech fotballskoen, som er av micro fiber på toppen for å gi den ein lettare følelse enn det dei tidlegare modellane har vert. Med den nye Total 90 Laser II shotshield teknologien, hjelper dei deg med å legge treffsikre ballar. Det revolusjonære v-twin lacing (knytting) systemet gir også ein følelse av å ha kontakt med ballen. Og i tillegg lovar Nike comfort og eit fortreffeleg feste. Dette må jo føre til mål og seier tør vi påstå. I tillegg ser skoen skremmande proffesjonell ut, så alle motstandarane vil nok frykte foten til den som har desse skoene på.

Skoen kan kjøpast på f.eks Pro-Direct Soccer for £119.99. Vil du vere som stjernene, så kan du også få påsydd navn for ein ekstra slant kronasjer. Ein fordel då, dersom du er i garderoben og alle dei andre 10 spelarane har den samme skoen som deg.. Lett å ta feil og sånn då. Med navn på unngår du å få med deg heim to forskjellege sko.

Ok, vi ser kanskje at dette blei litt innsnevra og retta mot kun fotball-interesserte og lovar å komme med ein sko for alle neste gang. Vi lovar!

Ellers kan du jo ta ein titt i arkivet vårt for fleire flotte sko…

Du kan si hva du mener, eller lage et tilbaketråkk fra din egen side.

Legg igjen din mening



 

Redaksjonen | Kontakt | tips()morgenutgaven()com

©2008 Morgenutgaven. Rettigheter og stor stas.

denne siden er håndlaget av olem