Temauke: Butikkar
Ok, det er på tide å koste støvet av vår ‘faste spalte’ temauke og ta opp igjen den raude tråden vi ein gang hadde. Det begynner å bli høst, eller det ER høst og då er det ikkje lenger like stas å sitte ute i parken og den slags.. Ein ting som derimot kan vere fint på høsten, det er å fylle opp garderoben eller leiligheta med nye, flotte, materialistiske ting vi kanskje ikkje eigentleg har bruk for. Men som kanskje gjer denne årstida vi går imot litt lysare. Fokuset denne veka kan hjelpe deg her, vi har nemlig tenkt å presantere deg for ein heil del flotte butikkar du enten kan besøke eller handle i gjennom den store verdsveven.
Den første butikken ut er ein butikk vi akkurat har lagt vår elsk på. Og det er svenske Grandpa. Dette er kanskje den finaste butikken som er å oppdrive i heile Stockholm. Grandpa har til saman tre butikkar to i Stockholm, der den eine ligger på Söder og den andre på Kungsholmen. Og ein på nett. Hurra. Denne flotte, flotte butikken er eit unikt innslag i Stockholms shopping med ein god blanding av mote, accesories, bøker, innredning og second hand møblar. Dei har masse fin design både for herr og dam. Og nokre av merkene dei representerar er Hope, April77, Whyred, Rodebjer, Moods Of Norway og Folk for å nevne nokre.. Mykje fint med andre ord!
Besøk nettbutikken til Grandpa her. Vi lovar at du vil elske den.
Denne veka gir vi deg ei knippe flotte butikkar du kanskje har kjennskap til, eller ikkje har kjennskap til..














[...] har kanskje fått med deg at vi har ei ny temauke på gang, og søkelyset blir retta mot flotte butikkar denne veka. Og dagens butikk er fantastiske Urban [...]
[...] butikk ut denne veka er nok ein svensk yndling og merket bak den søte Chester, nemlig [...]
[...] var det tid for den siste posten i temauka ‘butikkar’. Så langt har vi gitt deg Grandpa, Urban Outfitters , Acne, American Apparel, Weekday og Probat, og idag gir vi deg [...]