Daft Punk leiketøy
Det nyaste på leiketøysfronten er to heilt fantastisk kule bjørnar som er dressa opp for å ligne på Thomas Bangalter og Guy- Manuel de Homem- Christo fra Daft Punk. Skulle vi gått til innkjøp av leiketøy til oss sjølv eller til minstemann i familien, så hadde vi lett kjøpt desse to. Kjempe fine! Og dei kunne blitt ei himla fin julegåve, det er berre synd at dei ikkje kjem på markedet før i mars til neste år. Men vi kan jo alltids skrive dei opp på ønskelista likevel.
Figurane er laga av Medicom Toy, og dei har laga mange andre morsomme figuarar også.













