Torsdag 29. Juli 2010 - RSS
Du kunne vært ute i skogen, men det er du ikke.

Beirut er tilbake, med dobbel EP

16/12-08 17:00 / Skrevet av Ida Solheim-Olsen og arkivert i Musikk


Etter at Beirut avlyste Europaturneen sin i sommar, var det vel nokre som tenkte at det var det siste vi fekk høyre frå Zack Condon og resten av hans storslåtte orkester. Men i sitt personlege brev til Øyafestivalen lovde han jo at dei ville komme tilbake, på ein måte. Og Mr. Condon er ein kar som held det han lovar. For hurramegrundt, over nyttår kjem han med ein dobbel EP. Dobbel sa du? Ja, sa vi. Så altså, Beirut er tilbake. Ta-da!

16. februar slipper Beirut den første EP`en ‘March Of The Zapotec’. Og ifølge Lydverket er dette eit raid inn i meksikansk musikk med hjelp av eit begravelsesband frå den lille landsbyen Teotitlan del Valle i Mexico.

‘Holland’ er den andre EP`en som vart spelt inn på gutterommet. Dette var først meint som eit prosjekt Zack Condon gjorde tidlegare, når han kalte seg Realpeople. Og musikalsksett bevegar denne EP´en seg inn i elektropopland. Og det kan jo vere fint det.

Men det stoppar ikkje der. Under skrive- og innspelingsprosessen med begravelsesbandet The Jimenez Band, blei dokumentert ei rekke kortfilmar som blir sluppet på nett før dobbelplata blir å få kjøpt. Fint hva?

Her får du Tracklistingen:

Beirut - March of the Zapotec
01: El Zocalo
02: La Llorna
03: My Wife
04: The Akara
05: On a Bayonet
06: The Shrew

Realpeople - Holland
01: My Night With a Prostitute From Marseille
02: My Wife, Lost in the Wild
03: Venice
04: The Concubine
05: No Dice

Dette er absolutt noko å glede seg til, vi ventar i spenning. Og i mellomtida kan du kikke litt på denne.

Lydverket!

Du kan si hva du mener, eller lage et tilbaketråkk fra din egen side.

Legg igjen din mening



 

Redaksjonen | Kontakt | tips()morgenutgaven()com

©2008 Morgenutgaven. Rettigheter og stor stas.

denne siden er håndlaget av olem