Torsdag 29. Juli 2010 - RSS
Du kunne vært ute i skogen, men det er du ikke.

Bon Iver EP

17/12-08 18:25 / Skrevet av Ida Solheim-Olsen og arkivert i Musikk


Frå å ikkje ha nevnt Bon Iver i det heile tatt før september i år, har vi vell gjort dei fleste oppmerksomme på at dette er ei musikalsk perle det ikkje går an å gå glipp av. Og det skal då virkelig fleire enn oss ha undertstreka også, då debutplata ‘For Emma Forever Ago’ har vert på ‘best of‘ listene til alle dei største musikkmagasinene i år. Og det vil vi ikkje påstå er feil (sjølv om den i teorien er fra i fjor). Men uansett, la oss komme til poenget med denne saken.

Til januar kjem det nemleg ein ny Bon Iver utgivelse, og dette er ein Ep som har fått navnet ‘Blood Bank’. Ein utgivelse på fire nye låtar, som vil kunne kjøpast frå 20. januar. Ok, så er ikkje låtane heilt nye då. For har du vore på Bon Iver konsert har du kunne kjøpe desse låtane på vinyl, men har du ikkje vore på konsert.. hurra, no kan også du få kjøpe dei- på både CD og vinyl, om vi gjettar riktig då ( og det gjer vi jo stort sett alltid).

Og dette er det du kan vente å finne på plata:
01: Blood Bank
02: Beach Baby
03: Babys
04: Woods

Sjekk også ut låta ‘Blood Bank‘ her.

Og ja, Bon Iver er også klar for neste års Øyafestival!

Du kan si hva du mener, eller lage et tilbaketråkk fra din egen side.

Legg igjen din mening



 

Redaksjonen | Kontakt | tips()morgenutgaven()com

©2008 Morgenutgaven. Rettigheter og stor stas.

denne siden er håndlaget av olem