Søndag 14. Mars 2010 - RSS
Du kunne vært ute i skogen, men det er du ikke.

Full gavesekk til jul fra Øya

22/12-08 19:19 / Skrevet av Ida Solheim-Olsen og arkivert i Øya


Øyafestivalen har fullt gåvesekken med tre nye, knallsterke navn til neste års festival.

Arctic Mnokeys kjem med ny plate til sommaren, noko som vil passe godt når dei kommer til Middelalderparken torsdag 13. august. Dei unge britane i Arctic Monkeys har sidan 2006 gitt ut to plater, to EP`ar og har med dette klart å bli eit ganske stort navn i musikkverda. Og du har garantert rikka på dansefoten til ‘I Bet You Look Good On The Dancefloor’. Dette blir nok ein finfin konsert for alle indiekidsa.

Det andre bandet The Bronx har vore på Øya si ønskeliste ei stund, og er no norgesaktuelle for første gang. The Bronx slo ned som ei pønkrockslegge med debutskiva i 2003. Og i haust kom det tredje albumet, som i likheit med dei to forrige heiter ‘The Bronx’. Orginalt tittelvalg spør du oss. Musikken desse amerikanerane spelar er ein mix av rå rock, heftig hardcore og påtent pønk. Energisk rock vistnok. Spennande.

Den siste gåva i julesekken er norske Norma Sass. Eit demoband i særklasse. Dei fem unge jentene i dette oslobandet, serverar frisk indiepop til folket. Norma Sass er vel det ein kan kalle i startgropa av karriera, men har alt rukket å bli plukka ut som ‘Ukas Urør’t på P3, noko som resulterte i låta ‘Japan’ har blitt den mest nedlasta på Urørt-sidene til NRK.

Med dette kan vel jula ikkje bli dårleg!

- Arctic Monkeys på MySpace
- The Bronx på MySpace
- Norma Sass på Myspace

Dagsbillettar til torsdag 13. august blir lagt ut 20. januar. Festivalpass er alt å få kjøpt!

Meir Øyastoff..

Du kan si hva du mener, eller lage et tilbaketråkk fra din egen side.

Legg igjen din mening



 

Redaksjonen | Kontakt | tips()morgenutgaven()com

©2008 Morgenutgaven. Rettigheter og stor stas.

denne siden er håndlaget av olem