Miroir Noir
‘Miroir Noir- Neon Bible Archives’ er Arcade Fire sin splitter nye dokumentarfilm, som vart lansert i går. Den 70 minuttar lange dokumentarfilmen viser bandet gjennom prosessen og produksjonen av plata ‘Neon Bible’ fra 2007 og den påfølgande turneen. Det er også innslag av kortfilmar som vart laga undervegs av bandet sjølv.
Vincent Morisset er regissøren bak filmen, og dette er også den samme mannen som lagde den fantastiske interaktive videoen til låta ‘Neon Bible’. Så det kan jo ikkje vere noko anna enn lovande.
Filmen er foreløbig ikkje tilgjengelig i fysisk form, men kan lastast ned (altså kjøpast) i tre forskjellige oppløsningar. Filmen blir først tilgjengelig på DVD til neste år.













