Det begynner å bli ei god stund sidan forrige gang vi posta ein video fra The Raconteurs, men her er altså ein ny film til låta ‘Old Enough’ som du sikkert veit finnes på plata ‘Colsolers Og The Lonely‘. Kul låt, og videoen er ikkje så verst den heller… Nok prat, snurr film!
Oasis er ute med ny video til låta ‘I`m Outta Time’. Denne er noko mindre psykedelisk enn den forrige. Og i denne snutten er det berre Liam Gallagher vi ser, og han befinner seg i eit fargelaus univers på den engelske landsbygda. Litt rar, men samtidig fin video.
Låta som er skriven av frontfiguren sjølv, skal vist nok vere ein slags tribute til hans store idol, John Lennon.
Ny video fra Beck-plata ‘Modern Guilt‘. Og flotte, flotte Chloë Sevigny spelar hovedrollen i denne fine musikkvideoen. Noko som er grunn nok i seg sjølv til å sjå den. Dama er jo så fresh som det går an å bli.
Snurr film!
MTV European Music Award gjekk av stabelen i Liverpool i går. Og sidan det ikkje alltid er like lett å få med seg kven som eigentleg stakk av med dei forskjellige prisane, så du skal få ein slags oversikt her.
Kategoriane lista opp først, nominerte under og vinnaren utheva. Så enkelt, så greit. Versågod.
Most Addictive Track
Coldplay: ‘Viva La Vida’
Duffy: ‘Mercy’
Kate Perry: ‘I Kissed A Girl’
Kid Rock: ‘All Summer Long’
Pink: ‘So What’
Video Star
30 Seconds To Mars: ‘A Beautiful Lie’
Madonna Ft. Justin Timberlake: ‘4 Minutes’
Santogold: ‘L.E.S. Artistes’
Snoop Dogg: ‘Sensual Seduction’
Weezer: ‘Pork and Beans’
Album Of The Year
Alicia Keys: ‘As I Am’
Britney Spears: ‘Blackout’
Coldplay: ‘Viva La Vida or Death And All His Friends’
Duffy: ‘Rockferry’
Leona Lewis: ‘Spirit’
Headliner
The Cure
Foo Fighters
Linkin Park
Metallica
Tokio Hotell
New Act
Duffy
Jonas Brothers
Kate Perry
Miley Cyrus
OneRepublic
Act Of 2008
Amy Winehouse
Britney Spears
Coldplay
Leona Lewis
Rihanna
Ulitmate Urban
Alicia Keys
Beyoncé
Chris Brown
Kanye West
Lil Wayne
Rock Out
30 Seconds To Mars
Linkin Park
Metallica
Paramore
Slipknot
Best Act Ever
Britney Spears
Christina Aguilera
Green Day
Rick Astley
Tokio Hotel
U2
Europes Favourite Act
Dima Bilan (Russland)
Emre Aydin (Tyrkia)
Finley (Italia)
Leona Lewis (UK/ Irland)
Shiri Maimon (Israel)
Artists Choice
Lil Wayne
Ultimate Legend
Sir Paul McCartney
Best Norwegian Act
Erik & Kriss
Ja, det var det. Om vi skal vere stolte av at vinnaren av ‘Best Norwegian Act’ er Erik & Kriss, det får vere opp til den enkelte å dømme…
MTV`s bilder fra den storslåtte kvelden kan du sjå her.
Svensken med alle dei fine coverlåtane, for ikkje å snakke om musikken til Sony sin ‘Balls’ reklamen (du veit den der dei slepper alle sprettballane nedover ei gate i San Fransisco) er straks aktuell med ein Live Ep.
‘Live At Park Ave’ er navet på skiva, og den inneheld ni spor fra mr. González sine to første album ‘Veneer’ og ‘In Our Nature’. Og sidan det er liveopptak, så er det hyggelig å vite at det er fra ein konsert som vart holdt i Florida 1. mars i år.
Tracklist:
01. Deadweight on Velveteen
02. Hints
03. The Nest
04. How Low
05. Abram
06. Time to Send Someone Away
07. Heartbeats
08. Crosses
09. Down the Line
Ep´en som blir gitt ut via plateselskapet Mute er tilgjengelig på nettet for alle ivrige fans..
Soundvenue!
JA, hurra! Er du av dei som syns dei skånske herrane i Bob Hund er ein trivelig gjeng? Då går du ein god vår i møte iallefall.
I desse dagar er Bob Hund nemlig i studio i Malmö, der dei spelar inn ei ny plate. Bandet har planar om at det nye materialet skal sleppast 25. mars 2009, og ein månad seinare er det ut på tur. Og turen går innom heile fire plassar i vårt landstrakte land.
Det første stoppet blir på Folken i Stavanger 27. april, så vidare til Bergen, Trondheim og Oslo 30. april. Fekk du med deg konserten på Roskilde i sommar, så veit du at dette kan bli fryktelig morosamt og festlig og fantastisk.
Bob Hund!
Ny Sigur Rós video på gang. ‘Við spilum endalaust’ fra den siste plata. Dette er ein slags premiere, og videoen ligger eksklusivt ute på last.fm. Og den er fin, filmen altså. Men kva kan vi forvente, det er jo Sigur Rós.
Sjå filmen her!
Det har blitt ein slags tradiosjon å vise reklamefilmane for ‘Lotto‘. Og no er Try og Motion Blur er ute med ein ny reklamefilm for Norsk Tipping og Lotto. Det handlar fortsatt om at Lottomillionærar ikkje er som andre milionærar, men denne gangen er det ein kebab-gründer fra Dombås som har stukket av med storpotten..
For ei lita tid tilbake slapp fantastiske Kings Of Leon si fjerde plate, ‘Only By The Night‘. Og for ei litt lenger tid sidan spelte dei på Orange under årets Roskilde Festival.
Anyways, ny plate betyr jo også ny turné (iallefall i dei fleste tilfeller). Og KOL er ikkje verre enn at dei legger ut på Europaturné i desember, der det foreløbig ser ut som om det nermaste dei kommer Norge er KB Hallen i Fredriksberg, Danmark..
Men no skal det jo seiast at desse fantastiske mennene eigentleg skulle stått på scena under Quarten i sommar, det blei det jo ingenting av og dermed blei det ingen konsert heller. Så det er jo lov å drøyme og krysse fingrane om at det kanskje blir satt opp ein ny konsert i Norge (sjølv om det ser mørkt ut). Men ingen seier at det ikkje er lov å drøyme då.
Dersom du skulle no ha lyst på konsert i Danmark, så er datoen for konserten 11. februar 2009. Og billettane blir lagt ut for salg her den 10. november klokka 10.00. Så veit du det.
Og så burde du kikke på den nye videoen til ‘Use Somebody’.
Du har vel ikkje glømt Pitchfork.tv sin serie Don`t Look Down? Nei, såklart har du ikkje det. Den siste konserten som er lagt ut er med solo prosjektet ‘My Brightest Diamond’ til singer/ songwriter artisten Shara Worden (tidlegare korist for Sufjan Stevens). Ho har gitt ut to album dei siste to åra, og musikken kan beskrivast som ein miks av elementer fra opera, kabaret, kammersmusikk og rock.. Høyres kanskje rart ut, men det er igrunn litt kult. Ho fekk spele heile fire låtar på eit tak over Manhattan.
Konserten er delt inn i to sett, og dei kan du sjå her:
- Del 1
- Del 2
Sjekk også My Brightest Diamond på MySpace…
Det begynner å bli ei stund sidan vi skreiv om fantastiske sittemøblar- type sofaer og benkar og den slags. Men her er ein ny fin sittemøbel. Dette er ‘Union Bench’ laga for at du kan sitte akkurat den vegen du vil. For benken har verken en rett eller gal veg regel på korleis du skal sitte på den.
‘A bench that provides for full involvement in the place’ rett og slett.
Vi trur det er Jangir Maddadi fra I Do Design som har laga denne flotte benken.
‘Heaven for the Weather’ heiter låta og er henta fra The Streets si fjerdeplate ‘Everything Is Borrowed’.
Mike Skinner skulle i teorien spelt for eit utsolgt Rockefefeller 25. oktober, men grunna sjukdom blei denne konserten avlyst. Og arrangørane jobber med å finne ein ny dato for Mr. Skinner og resten av The Streets.
Thisissand.com er eit fantastisk ’slåiheltid’ leiketøy. Her kan du leike i sandkassen akkurat som du gjorde når du var mindre. Berre at du ikkje får skoene, buksa og håret fullt av sand då. Heldigvis. Du kan tilogmed lage dine eigne kunstverk med hemmelige beskjedar og politiske statements i alle regnbuens fargar. Eller noko heilt anna. Det du vil. Og etterpå, når du er skikkelig fornøgd med mesterverket ditt så kan du poste det i galleriet.
Har du ein dag eller nokre timar å slå ihel, då anbefalar vi sterkt at du startar med å gjer om dataskjermen din til ei digital sandkasse. Det kan bli ditt store kunstneriske gjennombrudd. Ellers så kan du berre ha det morsomt. Det bør sjekkast ut iallefall!
www.thisissand.com
Dagens låt ‘Perfect Fit’ er ein låt av tidlegare Arcade Fire medlem Brendan Reed og Alden Penner, tidlegare medlem av Unicorns. Dei har saman med nokre musiker kompisar danna bandet ‘Clues’, som har planar om å gje ut ei skive i april 2009. Constellation Records er plateselskapet som skal gje ut plata, og dei er også knytta til band som Do Make Say Think og Godspeed You! Black Emperor.
Og skulle du tilfeldigvis befinne deg i området New York den 4. og 5. november, så hadde det kanskje vert kult å fått med seg ein konsert eller to med Clues.
Gi meg!
- Perfect Fit/ MP3
Meir musikk finn du her..
Vi har allerede sett Bon Iver aka Justin Vernon framføre ein liksom improvisert låt med Lykke Li, og hørt han synge fantastisk i Daytrotter Sessions. Men vi har ikkje sett han opptre i ein taxi. Før no. Og det er ikkje i hvilken som helst taxi, men i The Black Cab Sessions som vi så mange ganger før har opplevd fine ting fra. Og for ein mann denne Justin Vernon er då…
Og om du lurte, låta heiter ‘Creature Fear’ og fins på albumet ‘For Emma, Forever Ago’. Ei nydeleg plate.