Fredag 12. Mars 2010 - RSS
Du kunne vært ute i skogen, men det er du ikke.

One Month Off-video


Block Party er for tida aktuelle med plata ‘Intimacy’ som kom ut tidlegare i år. ‘ One Month Off’ er tredje singel ut, og dette er altså videoen som høyrer til. Lille Rødhette, Hans og Grete, tanks og flammar. Old School og fint.

Ny musikkvideo fra Little Joy


Vi har så vidt nevnt bandet Little Joy ein gang før, men så dei ikkje skal gå i gløymeboka er det vell best å nevne dei ein gang til. Trur vi. Her er altså ein ny musikkvideo til låta ‘No One’s Better Sake’ frå den sjølvtittelerte plata ‘Little Joy’ (men det forstod du vell). Ein sjarmerande 60-talls inspirert video med både split-screen og Devendra Banhart i bakgrunnen.

Ekstra bonus!

The Fear- video


For berre to dagar sidan gav vi deg den nye låta til Lily Allen som dagens låt. Og no er jammensanten ein video ute å rullar også. Søt pastell-video, og Lily er tilbake til å vere brunette (om du ikkje har fått det med deg, så var ho blondine ei stund…).

Stereogum!

Alternative julekalendere


Morgenutgavens julekalender har idag åpna første ‘luke’ og vi nermar oss 24. desember med små skritt. Og det finns såklart ein million julekalendere på verdsveveni tillegg til den vi har her på Morgenutgaven, som kan få adventstida til å gå litt raskare. Vi har plukka oss ut eit par favorittar.

Probats Julekalender: Probat har vi alt fortalt alle lesarane våre om. Og i denne fine julekalenderen kan du vinne premiar kvar dag, alt du må gjere er å svare på dagens spørsmål. Lett veg til å vinne ei kul t-skjorte og andre fine ting.

Rockefellers Julekalender: Denne kom plutselig opp i innboksen til undertegna, og i denne kalenderen kan du blant anna vinne konsertbillettar til det som skjer på scenene Rockefeller, Sentrum Scene og John Dee. Og det berre ved å sende inn ein mail der du må huske å ta med navnet ditt. Kem vil ikkje ha gratis konsertbillettar?

Roskilde Festivals Julekalender: Her kan du vinne fine premiar. Blant anna blir fire festivalpass til festivalen delt ut, samt andre Roskilde effektar som sko, bøker, festivaltelt og dvd`ar. Vi tar gjerne imot festivalpass om nokon skulle vere så heldige å vinne eit eller fleire..

Akams Julekalender: Denne kalenderen har feite premiar, gjerne nerdete for den som ser det på den måten. Men vi nevner berre at dagens premie er Adobe Photoshop CS4 software. Og det talar jo for seg sjølv. Du kan berre delta ein gang og må svare på tre spørsmål. Men du kan tross alt vinne fotoutstyr og andre duppedittar som er fint å få gratis..

Og så har du jo også eit alternativ TV-kalenderane. Du kan blant anna følge med på NRK som nok ein gang viser ‘Jul i Blåfjell’, og TV2 slår igjen til med ‘The Julekalender’.. Jeij!

God adventstid!

Glade sokkar


Er du lei av at kjærasten, far, mor, søster eller bror, eller bestefar for den saks skuld aldri har like sokkar på seg? Eller berre sokkar med hull i? Eller kanskje dei rett og slett burde sprite opp sokke-garderoben litt, og gå vekk i fra berre svarte sokkar? Joda, då hadde kanskje eit par ‘glade sokkar’ vert tingen. Spesielt til den som har alt. Sokkar er jo ein forbruksvare, og noko ein aldri får nok av. Og når dei er så flotte som desse, då blir dei plutselig ikkje så kjipt å ‘berre få sokkar’ i gåve.

Desse flotte sokkane er kjønnsnøytrale, er av høy kvalitet, laget av kjemmet bomull og blir produsert i Tyrkia av eit familieforetak som har vert i ’sokke-bransjen’ i meir enn 30 år. Dei lagar også sokkar for både den tyrkiske og den belgiske hæren, så det er vel ingen tvil om at dei kan lage sokkar som held i det lange løp. Og fabrikken er kontrollert, så dei er sikre på at det er eit godt arbeidsmiljø og ingen barnearbeid. Fjoh.

… Dette kan jo kanskje vere ein fin ting å putte i julekalenderen eller i julegåva til den som har alt. Vi hadde iallefall blitt glad. Morosame sokkar kan sprite opp ein grå og ein blå dag. Og ikkje er dei kjempe dyre heller. Pluss at det er global shipping og gratis frakt av tre eller fleire par. Og det må då vere ein bra deal..

Kjøp dei hos Happy Socks.

‘Old Enough’ fra The Raconteurs


Det begynner å bli ei god stund sidan forrige gang vi posta ein video fra The Raconteurs, men her er altså ein ny film til låta ‘Old Enough’ som du sikkert veit finnes på plata ‘Colsolers Og The Lonely‘. Kul låt, og videoen er ikkje så verst den heller… Nok prat, snurr film!

I`m Outta Time- video


Oasis er ute med ny video til låta ‘I`m Outta Time’. Denne er noko mindre psykedelisk enn den forrige. Og i denne snutten er det berre Liam Gallagher vi ser, og han befinner seg i eit fargelaus univers på den engelske landsbygda. Litt rar, men samtidig fin video.

Låta som er skriven av frontfiguren sjølv, skal vist nok vere ein slags tribute til hans store idol, John Lennon.

Við spilum endalaust-video


Ny Sigur Rós video på gang. ‘Við spilum endalaust’ fra den siste plata. Dette er ein slags premiere, og videoen ligger eksklusivt ute på last.fm. Og den er fin, filmen altså. Men kva kan vi forvente, det er jo Sigur Rós.

Sjå filmen her!

The Streets med ny video


‘Heaven for the Weather’ heiter låta og er henta fra The Streets si fjerdeplate ‘Everything Is Borrowed’.

Mike Skinner skulle i teorien spelt for eit utsolgt Rockefefeller 25. oktober, men grunna sjukdom blei denne konserten avlyst. Og arrangørane jobber med å finne ein ny dato for Mr. Skinner og resten av The Streets.

Ny video fra Beck


Beck slapp for ei tid tilbake plata ‘Modern Guilt‘, ei plate som er verdt å kjøpe om du ikkje alt har gjort det. Her er videoen til tittelsporet. Fin låt, morsom video. Og Beck sjølv har såklart hatt på.

Snurr film!

Matt & Kim musikkvideo


Matt & Kim er enkelt og greit eit kjærestepar som bur saman og lagar flott musikk saman. Og det viser igrunn denne videoen veldig bra. ‘Daylight’ heiter låta og dette er ein fin og koselig liten snutt. Og så så blide som dei er då!

Rull film!

- Du burde også sjekke ut Matt & Kim på MySpace!

Butikkar: Topshop


Då var det tid for den siste posten i temauka ‘butikkar’. Så langt har vi gitt deg Grandpa, Urban Outfitters , Acne, American Apparel, Weekday og Probat, og idag gir vi deg Topshop.

Topshop er vel ca. alle jenter med interesser for mote og klær sin favoritt butikk. Så når vi har fine butikkar du burde sjekke ut som temauke, då er ikkje Topshop til å unngå. Og om den ikkje er nummer 1, så er den gjerne høgt oppe på lista. Men har du ikkje hørt om butikkjeden enda, så er dette ein sterk anbefaling og du veit no at Topshop er neste stopp. For her finner du alt fra second hand til Kate Moss sin egen, lille kolleksjon. Og ikkje nok med det, det er også eigne avdelingar for mennesker som er høge, lave og/ eller gravide. I tillegg er det eigne avdelingar (etasjar i den største London butikken) for sko og tilbehør. O´ salig glede.

Det finnes såklart ein nettbutikk her også, men ingen shipping til Norge. Bombe. Men det går an å bestille til Sverige og Danmark, så har du bekjente som bur der så finnes det sikkert eit alternativ der. Men nettbutikken er uansett veldig fin som inspirasjon eller handleliste om du har tenkt deg eit sted der Topshop finnes, som i f.eks Stockholm, Køben eller London. Og såklart mange andre steder.

Utforsk andre butikkar eller eldre temauker her…

Butikkar: Probat


Den trufaste lesar har sikkert fått med seg at vi tidlegare har nevnt t-skjorte butikken Threadless. Dagens butikk er i samme gate, og det ein norsk t-skjorte butikk med navn Probat.

Bakgrunnen for Probat er enkelt og greit at hovudpersonane bak konseptet, Tonje Børke og Marie Vatn fant ut at Oslo ikkje hadde ein einaste t-skjorte butikk. Og at det var ubegripelig at det var impossible å oppdrive ei t-skjorte med norsk tekst. I 2004 lanserte dei nettbutikken Probat.no og sin første kolleksjon. Ideen med trøyene var å skape levande reklameplakatar gjennom å utnytte potensialet som ligger i gode budskap på høgkvalitets t-skjorter som i tillegg skulle vere så fine, kule og hippe at dei blei brukt. For to år sidan lanserte dei søstersida til Probat, norwegiantees, for å prøve å fremme norsk kultur og språk på ein morosam måte.

Trenger du ei kul ny t-skjorte? Eller kanskje ein kjole eller ein bag? Då er Probat eit sted du bør sjekke ut. Her kan du kan få plagg med trykk som seier alt i fra ‘Den e brun!’ til Gullars sitatet ‘Marianneeeeeee? kan eg få en sjokoladepudding?’ eller berre rett og slett ‘pappan min er sterkere enn pappan din!’. Og du kan finne t-skjorter til heile familien. Fint va? Mmmm. Trur det.

Besøk nettbutikkane probat.no og norwegiantees.com

Probat har også butikklokaler på i Thv. Meyers gate 54 på Grünerløkka i Oslo. Ei fin lita sjappe er det.

Denne veka gir vi deg ei knippe flotte butikkar du kanskje har kjennskap til, eller ikkje har kjennskap til..

Butikkar: Weekday


Weekday er ein kjempefin (nok ein gang) svensk butikk, men som også har ein avdeling i København då. Her finner du alt fra butikkens eget, ekslusive merke MTWTFSS til f.eks Cheap Monday, Whyred og Sunday Sun. Her kan du mikse og matche dyrt og billig. Og enda ein gang er det ein manne og dame butikk i eit. Og ein skal ikkje kimse av det altså..

Sjekk ut Weekdays her!

Sjekk fleire butikkar og andre temauker her…

Denne veka gir vi deg ei knippe flotte butikkar du kanskje har kjennskap til, eller ikkje har kjennskap til..

Butikkar: American Apparel


Vi fortsetter på temauka vår med ei rekke fine butikkar vi meinar du burde få med deg. Og dagens er ein butikk mange (?) har kjennskap til. American Apparel, butikken der du får gjerne får tak i gulltights med høgt liv og gjerne ein matchande overdel.

AA (nei, ikkje anonyme alkoholikere) er butikken der du får kjøpt masse fine ’sporty’ basisplagg, som gjerne er i alle regnbuens fargar også. T-trøyer og tights/leggings er vel den store greia til American Apparel, men dei har også ein heil del andre ting som bukser, skjørt, skjorter, jakker, undertøy… Ja, nesten alt ein treng. Og dei skal ha eit pluss for at ein finner klær for jenter og gutter i ein og samme butikk. Kjeden er også litt kjent for å ha litt dristige reklamar med flotte damer i lite klær, men det funkar jo det også?

Tuvärr har vi ingen butikk i Norge, men det kjem jo ikkje som noko bombe. Den nermaste butikken finner du i Malmö, Stockholm eller Reykjavik. Men nettbutikk som ikkje shipper til Norge har dei jo også.

Nettbutikken kan du jo sjekke ut her.


Denne veka gir vi deg ei knippe flotte butikkar du kanskje har kjennskap til, eller ikkje har kjennskap til..

Another Way To Die-video


Another Way To Die er tittellåta til den nye James Bond filmen og dette er den nye videoen til låta (såklart). Jack White og Alicia Keys, fin duo igrunn. Og så så pent kledd for anledningen då!

Butikkar: Acne

Tredje butikk ut denne veka er nok ein svensk yndling og merket bak den søte Chester, nemlig Acne.

Acne lagar nydelige klær for både kvinner, menn og barn. Dei tar godt betalt for plaggene sine, men akk så mykje fint dei lagar då, og du får det du betalar for. Dei serverar deilige stoff og flotte snitt, og buksene er allerede blitt klassikere her i skandinavia. Og det finnes tilogmed eit eget Acnestudio her på berget, i Grønnegata i Oslo. Yeeei. Men merket blir solgt i fleire andre butikkar også, som Koma, Sole Service, Freudian Kicks og Kry. For å nevne nokre. Butikkane til Acne er nesten som klærene som er i dei, reine og stilistiske. Og klærene henger på fine, oversiktlige stativ. Som er nok ein grunn for å digge butikken, det er jo så lett å finne ting og alt ser så mykje bedre ut enn når du må leite gjennom tusen ting for å finne ‘den eine jakka’.

Merket Acne er faktisk ikkje meir enn 12 år gammalt, då det blei starta i Stockholm i 1996. Dei var også dei første som såg rommet for eit marked innanfor jeans. Og dei lagar fine bukser i mange mange forskjellige modellar. Det er fint, for då er det jo litt for kvar ein smak.

Her kan du besøke Acnejeans sin nettbutikk.

Eller så kan du berre kikke på dei forskjellige kolleksjonane. Det er masse fint å sjå på, men pass på visakortet.. Det kan fort gå varmt, men det er absolutt verdt det.

Denne veka gir vi deg ei knippe flotte butikkar du kanskje har kjennskap til, eller ikkje har kjennskap til..

Butikkar: Urban Outfitters


Du har kanskje fått med deg at vi har ei ny temauke på gang, og søkelyset blir retta mot flotte butikkar denne veka. Og dagens butikk er fantastiske Urban Outfitters.

Dette er ein veldig flott butikkjede som har mykje fint. Klær er greia til Urban, og dette er noko dei er gode på. Her finner du både nytt, gammalt som har blitt nytt, second hand skattar og ein heil del anna. Noko som er kult er at dei har sikra seg nokre stjernedesignarar med på laget, her kan vi nevne bla. Anna Sui, Luella, Sass & Bide og Thomas Burberry. Va fint eller hur? Men om det ikkje er klær og sko du har lyst på, så er dette også ein butikk du kan finne mykje fint til hus og heim, som f.eks lamper, bøker, koppar og kar. Det er altså ein veldig fin butikk om du har ein gave å kjøpe, eller trenger nokre søte ting til ditt lille krypinn eller deg sjølv. Dei har blant anna ein veldig fin ‘Campbells Soup’ termos, salt&pepper børser som klemmer og fine lomografi kameraer. Og ein heil del flotte klær, smykker, vesker, klokker og så vidare.

Kjeden har butikkar over store delar av verda, men her i lille Norge har vi enda ikkje fått Urban Outfitters. Så for å komme deg til ein butikk må du enten reise til Stockholm eller København. Desverre. Men der er det store, flotte butikkar så det kan jo vere verdt turen. Men det finnes jo såklart også ein nettbutikk som du burde sjekke ut.

Besøk nettbutikken her!

Denne veka gir vi deg ei knippe flotte butikkar du kanskje har kjennskap til, eller ikkje har kjennskap til..



 

Redaksjonen | Kontakt | tips()morgenutgaven()com

©2008 Morgenutgaven. Rettigheter og stor stas.

denne siden er håndlaget av olem