Alternative julekalendere
Morgenutgavens julekalender har idag åpna første ‘luke’ og vi nermar oss 24. desember med små skritt. Og det finns såklart ein million julekalendere på verdsveveni tillegg til den vi har her på Morgenutgaven, som kan få adventstida til å gå litt raskare. Vi har plukka oss ut eit par favorittar.
Probats Julekalender: Probat har vi alt fortalt alle lesarane våre om. Og i denne fine julekalenderen kan du vinne premiar kvar dag, alt du må gjere er å svare på dagens spørsmål. Lett veg til å vinne ei kul t-skjorte og andre fine ting.
Rockefellers Julekalender: Denne kom plutselig opp i innboksen til undertegna, og i denne kalenderen kan du blant anna vinne konsertbillettar til det som skjer på scenene Rockefeller, Sentrum Scene og John Dee. Og det berre ved å sende inn ein mail der du må huske å ta med navnet ditt. Kem vil ikkje ha gratis konsertbillettar?
Roskilde Festivals Julekalender: Her kan du vinne fine premiar. Blant anna blir fire festivalpass til festivalen delt ut, samt andre Roskilde effektar som sko, bøker, festivaltelt og dvd`ar. Vi tar gjerne imot festivalpass om nokon skulle vere så heldige å vinne eit eller fleire..
Akams Julekalender: Denne kalenderen har feite premiar, gjerne nerdete for den som ser det på den måten. Men vi nevner berre at dagens premie er Adobe Photoshop CS4 software. Og det talar jo for seg sjølv. Du kan berre delta ein gang og må svare på tre spørsmål. Men du kan tross alt vinne fotoutstyr og andre duppedittar som er fint å få gratis..
Og så har du jo også eit alternativ TV-kalenderane. Du kan blant anna følge med på NRK som nok ein gang viser ‘Jul i Blåfjell’, og TV2 slår igjen til med ‘The Julekalender’.. Jeij!
God adventstid!
















